Gjelseth på bana i MMC First Process-kampen

Konstellasjonen mellom Credo Partners og First Process Holding blir no ytterlegare styrka i kampen om å kjøpe Havyard sin aksjepost i MMC First Process. MMC-gründer Leif Gjelseth går no inn i partnarskapet med ein betydeleg eigarpost gjennom sitt investeringsselskap Erle Invest.

Leif Gjelseth  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

New Articles

I tillegg til Gjelseth, kjøper også eit betydeleg tal nøkkeltilsette aksjar i First Process Holding. Dette betyr at eit tosifra tal nøkkeltilsette gjennom eigarskap har slutta seg til ønskje om å vidareutvikle selskapet i samarbeid med Credo. Kristin Nyhus Halvorsen i advokatfirmaet SANDS sende torsdag kveld ut eit pressemelding på vegne av Credo Partner, First Process Holding og Leif Gjelseths investeringsselskap Erle Invest om samarbeidet for å få kjøpt aksjane i MMC First Process.

I dialog mellom styra i First Process Holding, Havyard og MMC FIRST PROCESS, etablerte First Process Holding og Credo Partners eit partnarskap i mars i år. Formålet var å gjennomføre eit utkjøp med støtte frå Credo av Havyards eigarpost i MMC First Process. Intensjonsavtalen blei kjent i april. Denne avtalen blei derimot avlyst fordi at fleire bodgivarar har meldt si interesse.


Havyard Group sel MMC First Process

Havyard Group har signert eit Head of Terms for sal av selskapet sin 75 prosent eigardel i MMC First Process, heiter det i ei børsmelding måndag morgon.