Leifmar har vore tilsett i Remøy Management i 30 år og torsdag kveld vart han heidra av arbeidsgjevaren. Noverande og tidlegare kollegaer deltok på middagen på Bogne Breseri & Catering.

Det var mange lovord å hauste for æresgjesten, og ikkje minst gode historier frå Leifmar si karriere i Remøy Management. Latteren stod til tider i taket når det vart mimra rundt bordet.

Styreleiar og reiar Ståle Remøy overrekte medaljen og i talen heidra han Leifmar som trufast medarbeidar gjennom alle år.

– Medaljen er eit handfast og varig bevis på Leifmar sin innsats og betydning for Remøy Management, sa han i talen. Vidare heldt han fram - På heimesida vår, og i møter med forbindelsar, frontar vi rederiet sine verdiar; erfaring, pålitelegheit og tillit. I tillegg legg vi vekt på å bygge langvarige relasjonar med våre samarbeidspartnarar. Leifmar har i stort monn bidrege til at vi kan definere oss med desse verdiane. Han er kunnskapsrik, nysgjerrig og tolmodig. På kontoret vert han kalla Petter Smart. Han legg ikkje frå seg eit uløyst problem. Han er også ein god læremeister og forklarer tekniske løysingar på ein måte som gjer at det vert forståeleg for alle. I tillegg er han jovial og omgjengeleg, full av gode historier og godt humør. Vi gratulerer med vel gjennomførte 30 år. Det er ei glede å få overrekke Norges Vel medalje for lang og tru teneste til Leifmar Andreassen.

Rederiet Remøy Management i Fosnavåg vart etablert i 1972 av brørne Tore og Ståle Remøy. Det Kongelige Selskap for Norges Vel tildeler Medaljen for lang og tru teneste for å synleggjere og verdsette innsats i arbeidslivet. Medaljen er ei unik utmerking med lange tradisjonar, og er tildelt heilt sidan 1888.