Politiet skreiv ut bøter under trafikkontroll

Torsdag ettermiddag var det trafikkontroll i Tjørvåg. Det vart "fangst" for politiet.

Illustrasjon   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

New Articles

Kontrollen fann stad i 60-sona på fylkesveg 654. Det vart skrive ut tre forenkla førelegg for fartsoverskriding. Høgste målte fart var 72 km/t.

I tillegg vart det skrive ut tre forenkla førelegg for ulovleg bruk av mobiltelefon under køyring.

Det var UP som stod bak kontrollen.