Årsaka er at selskapet har meldt oppbod og er konkurs.

- Det siste året har Farge- og landhandleriet opplevd sviktande sal og svak likviditet, uttalar styreleiar Thorstein Jenssen i høve konkursopninga.

Han legg til:

- Dei store kjedene tek ein aukande andel av salet av maling og interiørprodukt, og mykje av salet av garn er flytta over på internett.

På denne bakgrunn har styret i selskapet slått fast at det ikkje lenger er forsvarleg å drive vidare.

Farge- og landhandleriet ønskjer å takke alle trufaste kundar gjennom mange år for all støtte.

- Vi beklagar at det ikkje lenger er mogleg å oppretthalde tilbodet på Larsnes, legg styreleiaren til.

Tradisjonsrik forretning

Farge- og landhandleriet fekk namnet sitt hausten 2016, då det kom nye eigarar i den tradisjonsrike forretninga som tidlegare heitte Haugen Fargehandel. Det var på mange vis ein ny start for bedrifta i Larsnes sentrum.

Dagleg leiar med aksjemajoritet har vore Eldbjørg Almestad. Bella Blaa AS og Merete Petersen er dei to andre medeigarane. Selskapet noterte seg i 2018 for eit underskot på 40.000 kr.

Vestlandsnytt har vore i kontakt med bustyraren. Advokat Hege Rodudal Stenkløv seier det er for tidleg å seie noko særleg om den innmelde konkursen.

- Eg har akkurat fått papira, seier Stenkløv, som har fått opplyst at det er to tilsette i bedrifta.

Første skiftesamling vert halden i Søre Sunnmøre tingrett 17. juni.