Karsten Sævik vert konsernsjef i Hareid Group

Karsten Sævik er tilsett som ny konsernsjef i Hareid Group. Sævik tek til i stillinga 1. oktober.
New Articles

Det kjem fram av ei pressemelding frå konsernet onsdag ettermiddag.

- Vi er svært nøgde med å få Karsten ombord som konsernsjef. Med si lange fartstid som toppleiar, vil han tilføre Hareid Group verdifull kunnskap og erfaring, seier styreleiar  i Hareid Grooup, Bjørn Bjåstad.

Karsten Sævik er 56 år og busett i Ulsteinvik. Han har mellom anna vore konsernsjef i Remøy Group, administrerande direktør i Remøy Shipping og ved Ulstein verft. Frå 1991 til 2006 arbeide han for reiarlaget Odfjell ASA i Bergen, der han mellom anna var nybygg- og prosjektdirektør.

Konstituert konsernsjef Øyvind Halkjelsvik vil fungere i stillinga fram vil Sævik er på plass.

- Vi er godt nøgde med den jobben Øyvind gjer som konstituert konsernsjef, og svært glade for at han vil halde fram å bidra i Hareid Group, frå 1. oktober i ei anna stilling i konsernleiinga, seier styreleiar Bjåstad.

Hareid Group består av fjorten heil- og deleigde selskap, og leverer varer og tenester knytt til elektroinstallasjon på land og for skip i tillegg til forbrukarelektronikk. Konsernet har om lag 690 tilsette, og har hovudkontor på Hareid.