His­to­ri­kar Øy­stein Ekroll heldt fo­re­drag i Sande kyr­kje på pal­me­søn­dag då Kyr­kje­rin­gen ski­pa til ei kul­tur­til­stel­ling i Sande kyr­kje. I fylg­je re­fe­ra­tet i Vest­lands­nytt tys­dag 16. april, ori­en­ter­te Ekroll både om den sær­merk­te gam­le al­tar­tav­la og den sjeld­ne mes­se­ha­ke­len. «Både Bernt Støy­len og sei­na­re også Hel­ge Nesse nyt­ta den­ne ved en­kel­te høve, sa Ekroll.»

I ein in­te­res­sant re­por­ta­sje fre­dag 26. april skriv Vest­lands­nytt meir om den sær­merk­te mes­se­ha­ke­len. Her hei­ter det at «han vart nyt­ta ved høg­tids­guds­te­nes­ter i Sande kyr­kje så seint som på 1980-ta­let, av då­ve­ran­de sok­ne­prest Hel­ge Nesse.»

Her vil eg føye til at mes­se­ha­ke­len har vore i bruk man­ge gon­ger sei­na­re. Sjølv har eg brukt den ved høg­tids­guds­te­nes­ter og andre sær­le­ge høve, som ka­pel­lan i Sande pres­te­gjeld 2002–2007 og sok­ne­prest i Sande sokn 2007–2008. Sis­te gon­gen eg bruk­te den, var ved av­skils­guds­te­nes­ta den 4. ja­nu­ar 2009. Mes­se­ha­ke­len har kan­skje vore i bruk sei­na­re også, det veit Sig­mund Bjerk­vik meir om. Han har sjølv brukt mes­se­ha­ke­len man­ge gon­ger.

Ofte had­de eg høve til å be­und­re det­te kle­no­di­et som hang i eit skap i prestesakristiet i Sande kyr­kje. Men eg og flei­re med meg var uroa over opp­be­va­rin­ga. Ska­pet var av kryss­fi­ner og had­de eit fleksiglas med ei fortrekksgardin, og var alt anna enn ein trygg til­halds­stad for mes­se­ha­ke­len. Det vart di­for laga ei fin kas­se til å ha mes­se­ha­ke­len i, og den vart trygt lag­ra i bank­kvel­ven i Sparebanken Møre på Lars­nes. Når mes­se­ha­ke­len skul­le bru­kast, måt­te vi hen­te den i ban­ken før hel­ga, og le­ve­re den til­ba­ke igjen når ban­ken opna på mån­dag. I san­ning ei tung­vint ord­ning! Men fol­ket i Sande fekk i alle høve sjå kle­no­di­et i bruk, slik ein tid­le­ga­re had­de fått lov­nad om av riks­an­ti­kva­ren. Det vart også ar­beidt med pla­nar om ei brann­sik­ker opp­be­va­ring av mes­se­ha­ke­len i Sande kyr­kje. Sær­leg Isak Våge en­ga­sjer­te seg i det­te ar­bei­det.

No las eg i Vest­lands­nytt at kon­ser­va­to­ren ved Sunn­mø­re mu­se­um rår frå på det ster­kas­te at mes­se­ha­ke­len vert brukt. Men ho sei­er også at «det er vel­dig bra at mes­se­ha­ke­len har blitt be­vart lig­gan­de flat i ei kas­se i ein bank­kvelv dei sei­na­re åra», og ut­ta­lar at Sunn­mø­re mu­se­um er in­te­res­sert i å ta hand om kle­no­di­et.

Det­te er eit vik­tig spørs­mål som fag­folk må drøf­te i sam­råd med fol­ket som sok­nar til Sande kyr­kje og dei som har an­sva­ret for drif­ta av Sande kyr­kje.

Sjur Johan Sæter

tid­le­ga­re sok­ne­prest i Sande