Når eg går inn på hei­me­sida til Her­øy kom­mu­ne, og klik­kar på po­li­tis­ke mø­ter og do­ku­ment, finn eg ik­kje noko om kont­roll­ut­va­let. Sjølv når eg søkjer i søke­fel­tet der. Men eg finn ei lenk­je til Vest Kont­roll, og der står Her­øy kont­roll­ut­val. Men kvi­for ik­kje på Her­øy kom­mu­ne si hei­me­side?

Men det­te er kan­skje noko ein kan leve med. Men langt meir al­vor­leg er det at kont­roll­ut­va­let ik­kje gjer job­ben sin slik at ein kan få til­lit til det ar­bei­det dei gjer. Er er ik­kje den einaste som sei­er det, dess­ver­re. Eg er tem­me­leg sik­ker på at det er flei­re enn eg i den­ne sal som har skran­tan­de til­lit til ar­bei­det kont­roll­ut­va­let har gjort.

Kri­tik­ken av kont­roll­ut­va­let i lo­kal­avi­sa har vore knall­hard, utan at det vert gjort noko sær­leg med det. Det ser ut at tak­tik­ken er «å stik­ke ho­vu­det i san­den og vone det går over». Men det skal vere open­heit, også i kont­roll­ut­va­let. Korkje for­mann­skap el­ler kom­mu­ne­sty­ret har vor­te in­for­mer­te om per­son­sa­ke­ne.

I lo­kal­avi­sa kan vi lese at kont­roll­ut­va­let har vore over­fla­tis­ke i konk­re­te brot på lo­ver, av­ta­lar og på kom­mu­nen sine eig­ne etis­ke prin­sip­pa om «re­spekt, til­lit og sam­hand­ling». Ved­ta­ket er tuf­ta på ufull­sten­di­ge og til dels feil­ak­ti­ge opp­lys­nin­gar, skriv inn­sen­da­ren, som har gode be­vis i saka, og ved­ko­man­de har heller ik­kje vor­te føre­spurd om opp­lys­nin­ga­ne sine frå kont­roll­ut­va­let.

Ei sak har all­tid minst to si­der. Kont­roll­ut­va­let har i den­ne saka berre høyrt sida til for­val­tin­ga/råd­man­nen som kri­tik­ken er reist mot, ik­kje kva dei en­kelt råka per­so­na­ne har å seie. Kvi­for berre den eine par­ten? Kva til­lit kan inn­byg­ga­ra­ne då ha til kont­roll­ut­va­let? Ut­va­let er eit po­li­tisk or­gan som skal ivareta og verne inn­byg­ga­ra­ne og til­set­te, sjå til at for­val­tin­ga fylg­jer av­ta­lar, lo­ver og ved­tak.

Per­son­leg har eg fått opp­lys­nin­gar om il­lo­ja­le hand­lin­gar frå for­val­tin­ga i Her­øy som har gått ut­over per­so­nar. Eg trur nep­pe kont­roll­ut­va­let har hand­sa­ma des­se i saka over. Eg finn i alle fall ik­kje sa­ke­ne i mø­te­pro­to­kol­la­ne dei­ra. Per­so­na­ne det gjeld er red­de for at viss dei mel­der frå om sa­ke­ne, så vert det teke ille opp og dei vert ut­set­te for rep­re­sa­liar. Døma er flei­re frå uli­ke ar­beids­plas­sar og uli­ke sje­far. Det­te er ei opp­gå­ve for råd­man­nen å ta tak i. Er den han som står bak ei el­ler flei­re av sa­ke­ne, ja, så er det så al­vor­leg at ein set­te­råd­mann må sjå på saka. Vi skal ik­kje ha det slik i Her­øy kom­mu­ne!

I Kom­mu­nal rapport frå 28. mars i år skriv dag­leg leiar i Norges Kom­mu­ne­re­vi­sor­forbund at dei ynskjer syn­le­ge kont­roll­ut­val som tek ini­ti­a­tiv, og er spyd­spis­sar i den kom­mu­na­le ei­gen­kont­rol­len. De­mo­kra­ti ford­rar open­heit og at ein er til­gjen­ge­leg. Det skal vere mo­ge­leg for inn­byg­ga­ra­ne å ta kon­takt med po­li­ti­ka­ra­ne å få inn­syn i sa­ker fol­ke­val­de or­gan hand­sa­mar. Det same må gjel­de kont­roll­ut­va­let. Ein kan ik­kje gøy­me seg bort på hei­me­side­ne til Vest Kont­roll. Kont­roll­ut­va­let sjølve må krev­je at det vert pre­sen­tert på lik lin­je med andre kom­mu­na­le ut­val. Det gjeld også sa­ke­ne dei tek opp.

Vi­ser el­les til for­skrift om kont­roll­ut­val i kom­mu­nar og fyl­kes­kom­mu­nar i Lovdata, med vekt på § 4. Til­syn og kont­roll. Og § 5. Inn­hent­ning av opp­lys­nin­gar.

Kjell Runde

Fol­ke­lis­ta