Tre til sjukehus etter smell i Eiksundtunnelen

Litt før klokka 16 måndag var det eit uhell i Eiksundstunnelen.
New Articles

Der var to bilar involverte i ein samanstøyt. Naudetatane kom relativt raskt til tunnelen, som vart stengd for trafikk.

Alle dei tre personane som var i bilane, vart sende til Ålesund sjukehus for behandling. Det er førebels ikkje gjort greie for skadeomfanget på desse.

Opprydding, bilberging og etterforsking pågår på staden. Politiet reknar med at tunnelen vil vere stengd om lag fram til klokka 17.30.