Ein person skal ha følt seg uvel etter å ha kome på land. Vedkomande er frakta til Haukeland sjukehus, mens den andre er ved Volda sjukehus, skriv politiet på Twitter. Politiet fekk melding om hendinga klokka 13.20.

Mannen som blei frakta til Volda skal vere lettare skadd eller uskadd. Skadeomfang er ukjent for mannen som blei frakta til Haukeland. Det seier Borge Amdam, operasjonsleiar i politiet, til NRK. Med det vi veit er vedkomande som er sendt til Haukeland frå Sande.

Vitne opplyser til Vestlandsnytt at det rundt klokka 14 søndag ettermiddag kom eit helikopter i låg høgde sørover Sandsfjorden. Det kursa innover Gurskefjorden og skal ha landa ved Haugsbygda hamn. Noko seinare skal helikopteret ha floge sørover mot Stad.

Har du tips eller veit noko om saka, ring oss gjerne på 99 11 28 90.