Herøyspelet «Kongens Ring» har for første gong sidan 1992 ny regissør. Jeff Pedersen tek over etter Gerald Pettersen som har leia spelet gjennom over hundre forestillingar. No les Jeff Pedersen originalmanus og startar på ny frisk. Det betyr også mange nye namn på lista over skodespelarar.

Årets Inga er Kjersti Elvik. Nokre har sett henne som Hanne Wilhelmsen i filmane etter Hanne Holts krimromanar, men ferskast i minnet for dei som ser skodespel på skjerm, er NRK TVs adventserie «Snøfall» der Elvik var den strenge og tilsynelatande slemme reservemora til Selma.

No skal ho inn i rolla som ei anna streng mor. Inga.

(Saka held fram under bildet)

Kjersti Elvik er klar for å vere med på «Kongens Ring» som Inga. Foto: Thor Brødreskift/DNS

Heilheitleg og stor oppleving

Kjersti Elvik seier ho har arbeidd saman med Jeff Pedersen ein gong før og det freista til gjentaking.

- Elles er eg kollega med Gerald Pettersen på Den Nationale Scene og kjenner fleire av dei som har spelt i «Kongens Ring» gjennom åra. Alle snakkar varmt om spelet, plassen og folka rundt, og seier dette er ei heilheitleg og stor oppleving.

Og Elvik gler seg til å vere med på spel.

- Spel i seg sjølv er no gøy! Det er dugnadsånd sett i system.

Sjeldant kompleks og tøff

Medan Kjersti Elvik har lang og brei erfaring med alt frå hovudrolle i Mamma Mia til kraftprestasjonen i «Arv og miljø» som hadde premiere på Den Nationale Scene i haust, så er Unn – akkurat som i spelet – ung og i ferd med å ta steget ut i verda.

Maja Aspås Teialeret har vore eleven til Jeff Pedersen på Bårdar Akademiet, ho var hans førsteval som Unn, og Maja var ikkje vanskeleg å be.

- Då eg las manuset til Kongens Ring, tenkte eg at Unn må vere ei av dei flottaste kvinnerollene eg har lese. Sjeldant kompleks og tøff – i eit nydeleg stykke. Dette gjorde det frykteleg lett å takke ja til rolla.

(Saka held fram under bildet)

Maja Aspås Teialeret skal spele Unn. Foto: Mikkel Gythfeld

Maja tenkte først å bli songartist, men fekk sparket til å prøve teater, og no mellom anna spelt Maria i West Side Story og jobba med Ingrid Bjørnov og «spelt Benedicte Adrian» i Which Witch.

- Eg har også vore med på fleire spel tidlegare og synest det er kjempegøy. I møtet mellom frivillige og profesjonelle blir ein inspirert av kvarandre på unikt vis, og eg gler meg veldig til å bli kjent med «Kongens Ring» og folka rundt.

Vikingmusikal

Kongens Ring vert spelt første helga i juli, 6. og 7. Rundt 200 skodespelarar, barn, unge og gamle, amatørar og profesjonelle fyller scena ved Stadhavet. Der spelar dei fram drama med kjærleik, sjalusi og drap, og eit vikingsamfunn sitt møte med Olav den Heilage og hans tru og tankar. «Kongens Ring» vert også kalla vikingmusikal med sin spesialskrivne musikk, eit orkester med sytten musikarar og stort kor. Det er kafe i tunet på den gamle handelsstaden på øya, vikingleir med familieaktivitetar og gratis skyss med båt eller buss.