- Det er slutt på tida då vi kunne vere julenissar og dele ut RDA-midlar. No må vi begynne å lage julegavene sjølve, seier nyvalt styreleiar Geir Johan Bakke.

I omstillingsarbeidet for Herøy næringsforum er reiseliv noko av det ein har valt å ta tak i, og forumet har no starta eit prosjektarbeid som skal kartlegge mulegheitene for ei varig reiselivsstilling. I tillegg skal prosjektet drive marknadsføring av dei tilboda som alt finst i Herøy i samarbeid med reiselivsaktørane i området.

- Målet er at vi i løpet av året skal ha på plass ein plattform for det vidare og varige arbeidet med reiseliv i kommunen.

Det flottaste i Norge på ein plass

Geir Johan Bakke er overbevist om at Herøy og regionen har store mulegheiter når det gjeld reiseliv.

- I området her så er vi Lofoten, Lyngen og Helgelandskysten på ein og same plass. Innanfor ein times reisetid kan vi tilby alt det flottaste vi har i Norge.

Bakke peiker også på at Herøy og regionen har råvara på plass.

- Naturen er her. Vi må berre foredle produktet og lage pakkeløysingar som vi kan tilby gjestene våre, både dei som kjem reisande langvegs frå og meir kortreiste gjester. Og så er det sjølvsagt viktig å få marknadsført dei tilboda vi har.

Eit av områda prosjektet til Herøy næringsforum skal sjå nærare på er kva mulegheiter som ligg i cruiseturistar. Kan ein få cruisegjester til området?

- Her er det mykje som må avklarast, men det viktigaste er at vi set i gang med å sjekke det ut. Vi ser at både Ålesund og Geiranger er i ferd med å nå eit metningspunkt. Det opnar mulegheiter for andre, og då må vi vere på ballen.

I botn for arbeidet vil mellom anna ligge reiselivsrapporten som vart utarbeidd for Herøy i fjor som peikte på at turistane vil ha unike naturopplevingar, spektakulære aktivitetar, lokal mat og kort avstand til kjende turistattraksjonar - og at Herøy har alt dette, det må berre foredlast.

Rask oppstart

Prosjektarbeidet skal utførast av Linn Therese Sævik i Sævik Event og Torill Myren i Ekkoloddet.

- Desse har brei erfaring frå prosjektarbeid og ivrar for reiseliv i tillegg til at dei gir oss ein rask oppstart både ved at dei er tilgjengelege og at dei har god kjennskap til Herøy . No handlar dette om å kome i gang og finne varige løysingar.