Nyhende →
Snekke fekk trøbbel i Røyrasundet
Kl. 12.41 laurdag fekk politiet melding om at ei snekke med to personar om bord tok inn vatn ved Bymannen fyrlykt i Røyrasundet. Motoren gjekk framleis då redningsskøyta Hans Herman Horn vart sendt til staden. Snekka klarte å ta seg inn til kai kl. 1305. Alt er ok med dei to om bord.