(Denne saka vart først publisert av Fiskeavisen)

Førre rekord på arten har elles stått sidan 2006.

Asgeir Kvalsund Foto: Privat

– Eg er så heldig at eg har ein brakkvassdam like i nærleiken. I denne dammen bur det stor leirkutling (Pomatoschistus microps).

- Etter tre månadar med restitusjon på grunn av ein kneoperasjon, var foten sopass grei at eg kunne fiske igjen, fortel Kvalsund til Fiskeavisen.no.Stigande vasstand gjer at arten kjem nærmare breidda av dammen, som gjer det lettare å fiske etter dei. Han praktiserte metoden kikkfiske og fann raskt fleire med bra storleik. Éin var markant større, fortel han.

- Eg mistenkte vel at det var den litt større arten, sandkutling (Pomatoschistus minutus), men han minte meg mykje om leir på oppførselen, seier Kvalsund.Dei andre fiskane hadde teke ein liten rekebit på #20 krok, så denne fekk same agn presentert. Tolmodig fiska han på denne vesle rakkaren i 45 minutt. Undervegs blei det brukt forskjellege typar agn. Det som gjorde at fisken til slutt tok den vesle kroken, var ein klyse innvollar frå strandsniglar.

Denne var stor for arten å være, og mistanken om sandkutling hadde enno ikkje gitt seg helt. Etter nokre gode bilde i mikroakvarium, sende Kvalsund bilda til nokre andre artsfiskarar. 48 skjell langs sidelinja, banda på fyrste ryggfinne og to markante striper på snuten stadfesta at dette var rett sort og den største leirkutlingen som hittil er fanga på stang i Norge.

Villmarksliv, som oppdaterer sportsfiskerekordane i Norge, står førebels Vilhelm L. Skilhagen med sin rekord på 2,70 gram. Denne har faktisk stått sidan 30.07.2006.13 år seinare, vil det no vere Asgeir Kvalsund som tek over rekorden hos Villmarksliv med sin leirkutling.

Leirkutling på mikrovekt. Foto: Asgeir Kvalsund