– Då kan de berre leite!

Tur­lei­ar Anet­te Val­seth Kvals­vik i Bar­nas Turlag Her­øy smi­ler breitt i det dei man­ge bar­na skyt ut frå tri­bu­nen fram­for ho, og spring til alle kan­tar over spel­plas­sen på Her­øy gard.

Dei har kome i samla tropp frå par­ke­rings­plas­sen. Ein av dei andre tur­lei­a­ra­ne, Gry Drag­sund-Vike, prøv­de på eit tids­punkt å tel­je dei.

– Vi skvatt litt då vi så kor mykje bi­lar som kom. Eg tip­par vi er over 200 her, sei­er ho.

Den ves­le køen med vin­na­rar fram­for ga­pa­hu­ken er ik­kje spe­si­elt lang.

16 barn har vore hel­di­ge og fun­ne kvart sitt pås­ke­egg. Inni ligg det no­kre num­me­rer­te papp­bi­tar. Dei får bar­na byt­te inn i små pre­miar.

Adrian N. Vær­nes (4) er ein av dei hel­di­ge.

– Eg fann degget un­der ein stein, sei­er han.

Pre­mia­ne be­står av små po­sar med god­te­ri og no­kre re­kvi­sit­tar spon­sa av Åle­sund-Sunn­mø­re Turistforening. I seks av net­ta ligg der endå til ein ki­no­bil­lett, spon­sa av Fos­na­våg kino.

– Og så har Kiwi spon­sa oss med frukt og grill­kol, in­for­me­rer Val­seth Kvals­vik.

Mange av dei frammøtte har med seg pølser og anna grillmat for anledninga.

Fruk­tene, sto­re kas­ser med ba­na­nar og kle­men­ti­nar, finn gjes­ta­ne på eit av piknikborda.

Men det sto­re gull­eg­get ved sida av ser ut til å freis­te meir. Det er nem­leg stapp­fullt med små­godt – trøy­ste­pre­miar til alle dei som ik­kje fann egg.

Det er el­les ik­kje sjølve pås­ke­egg­jak­ta som er ho­vud­po­en­get med den­ne da­gen i regi av Bar­nas Turlag Her­øy.

– Alle er ik­kje på pås­ke­fe­rie, og vi tenkte å lage til noko so­si­alt for dei som er heime. Her­øy gard er til­gjen­ge­leg for dei fles­te, sei­er Val­seth Kvals­vik.

– Og så hå­per vi på å rek­rut­te­re nokre tur­lei­a­rar, legg ho til.

Nes­te ar­ran­ge­ment i regi av turlaget er Moltumila på Mol­tu­stran­da Mo­sjons­fes­ti­val i mai.

– Og så ser det mei­nin­ga at vi skal få til ein tur til Hids­eg­ga i lag med Bar­nas Turlag Har­eid i mai-juni ein gong, avsluttar Valseth Kvalsvik.