Nøktern kystdirektør klar for kriser og kostnadskutt

Cruiseskipet Viking Sky med 1.373 folk om bord var nyleg nær ved å enda i fjøresteinane på mørekysten. – Det var ei bratt læringskurve, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

Direktør Einar Vik Arset seier Kystverket skal ta ei aktiv rolle i arbeidet med å gjera hamner og farleier effektive og trygge.  Foto: Bjørn Ivar Voll/NPK

New Articles

Laurdag 23. mars mista Viking Sky motorkrafta og byrja driva mot land på Hustadvika. Det blei starten på ein omfattande rednings- og bergingsoperasjon. For Arset handla det mest om å skaffa oversikt og informera departementet om det som skjedde.