Bygg!…og bevare meg vel

Sist veke fekk klassene på  mellomtrinnet ved Einedalen skule lov til å gå nokre år tilbake i tid og testa ulike byggjeskikkar som blei nytta på våre kantar i gamle dagar.
New Articles

Elevane fekk prøve seg på å sette opp og demontere grind-bygg, bukke-hus, stavline-bygg og lafte-bygg. Samstundes fekk dei undervisning om sjølve bygga, teste ulike byggjeteknikkar og fekk erfare korleis ein måtte samarbeide for å kunne reise bygga. 

Opplegget er utforma av musea i Møre og Romsdal, og hovudmålet med denne seansen er å gi elevane eit innblikk i, og ei oppleving av, arkitekturen og bygginga av desse tradisjonelle bygningane. Elevane fekk og døme på korleis konstruksjonen har noko å seie for funksjonen til bygget.

Elevane let vel av seg og det er brei semje om at vi burde gjere dette oftare.


Helsing mellomtrinnet ved Einedalen