Det er ein grunn til at Cir­kus Cirkör har ein tru­fast ska­re nors­ke fans; dei gir deg ei fe­no­me­nal blan­ding av dans, akro­ba­tikk og mu­sikk. No kjem dei til­ba­ke til Fos­na­våg med sin sis­te pro­duk­sjon – Epifónima.

I Cir­kus Cirkör si nye fram­sy­ning ut­ford­rar sju kvin­ne­le­ge sir­kus­ar­tis­tar tra­di­sjo­nel­le struk­tu­rar og hi­er­ar­ki. Epifónima, som be­tyr ut­rop på gresk, er ins­pi­rert av sam­ti­di­ge, så vel som his­to­ris­ke, kvin­ne­saks­for­kjem­pa­rar.

– Epifónima vill syne kva kvin­ner sitt samla ar­beid og ut­hald har å seie for samhaldsstrukturane si for­and­ring og ut­vik­ling. Ar­tis­ta­ne gjer det ty­de­leg og stor­ar­ta, seier regissørTil­de Björfors i ei pressemelding.

(Saka held fram under videoen)

Det er ei sir­kus­fram­sy­ning skapt av kvin­ner med berre kvin­ner på sce­na – akro­ba­tikk, song, dans, hår­heng­ing, roue cyr og hand­stå­an­de, blan­da med vak­ker mu­sikk. Re­sul­ta­tet er, som Fol­ke­bla­det skriv, «Enestående akro­ba­tis­ke num­mer og et budskap som man ikke kan gå glipp av. Cir­kus Cirkörs sis­te forestilling «Epifónima» tar pub­li­kum med på en rei­se av det sjeld­ne sla­get.»

Sho­wet er boks­ta­ve­leg tala så stort – el­ler kan­skje vi skal seie «høgt» – at kon­sert­hu­set har brukt to da­gar på å leg­gje sce­na  til ret­te for å til­freds­stil­le sir­ku­set sine krav.

Fram­sy­nin­ga er eit mul­ti­kunst­verk skapt av alle in­vol­ver­te. En­semb­let be­står av sju kvin­ne­le­ge sir­kus­ar­tis­tar frå Hel­las, Canada, Pa­le­sti­na, Po­len, Sve­ri­ge og Sveits – og kom­po­nis­ten er frå Noreg.

– Det er mind­re enn hund­re år sidan kvin­ner fekk stem­me­rett i Sve­ri­ge. I vårt ensemble finst det dei som fram­leis ik­kje har rett til å røyste i sine heim­land. Tak­ka vere vårt hund­re­å­rets kamp, har vi fått mog­leg­heit til å ska­pe den­ne fø­re­stil­lin­ga med eitt i prin­sip­pet heilkvinnleg ska­par­team. Kvart pri­vi­le­gi­um og kvar mog­leg­heit eg har i dag er mog­leg tak­ka vere dei som har gått før meg. – Til­de Björfors

Rett til ei stem­me – stem­me­rett

Mu­sik­ken er kom­po­nert av Re­bek­ka Ka­ri­jord, som også laga mu­sik­ken til Circus Cirkör si fram­sy­ning «Wear it like a crown». Mu­sik­ken er i all ho­vud­sak skapt av ryt­mar og kvin­ne­le­ge røys­ter som Ka­ri­jord har samla frå alle verds­hjør­ne og som blir blan­da med en­semb­let sine eig­ne røys­ter.

Gren­ser og av­gren­sin­gar

Epifónima er ei na­tur­leg fort­set­ting av Til­de Björfor sine sis­te fø­re­stil­lin­gar «Bor­ders», «Limits» og «Movements», som dreid­de seg om gren­ser, av­gren­sin­gar og mig­ra­sjon.

– Vi har jo al­le­reie sett kva krig ska­par og kva for løy­sin­gar det leiar til! I den­ne pro­duk­sjo­nen vil vi un­der­sø­ke kva som skjer om vi bryt dei tra­di­sjo­nel­le hi­er­ar­k­ia, tenkjer sirk­lar i sta­den for ret­te vink­lar, ser kvar­an­dre i auge­høgd i sta­den for ovan­i­frå og ned, og går i breid­da i sta­den for på punkt. – Til­de Björfors

Epifónima er pro­du­sert i sa­mar­beid med Östgötateatern og er skapt både i Cirkörhuset i Alby, samt i re­si­dens i Norrköping i au­gust/september 2018.