Driftsinntektene vart 593,3 millionar kroner i 2018, og driftsresultatet vart 117,9 millionar kroner. Det er 29 millionar kroner betre enn i 2017.

- Vi er godt fornøgde med resultatet i 2018. Eit av måla ved etableringa av Mørenett var å sikre 100 % effektiv drift i løpet av 2018 målt i NVE sin reguleringsmodell. Det målet har vi nådd. Kompetansebygging og systematisk forbetringsarbeid er viktig for oss i ein bransje som er i stor endring, seier adm. direktør Rune Kiperberg.

Omfattande investeringar i kraftnettet

Mørenett AS legg bak seg eit år med omfattande investeringar. I regionalnettet vart Nørve transformatorstasjon avslutta og spenningssett, og det vart investert i fornying av transformatorstasjonen i Volda. I distribusjonsnettet har Mørenett AS ferdigstilt mange mindre og mellomstore anlegg, både i samband med fornying av nettet og til straumforsyning av nye kundar. Byte av nye straummålarar (AMS-målarar) var også eit krevjande prosjekt i 2018, med byte av over 60 000 målarar.

Elektrifisering i regionen

Noreg har mål om berekraftig energibruk og reduserte klimautslepp. Elektrifiseringa av samfunnet set store krav til kraftnettet som infrastruktur, og Mørenett er ein viktig samarbeidspartnar for ei grønare og meir energieffektiv framtid.

- Det første store prosjektet knytt til elektrifisering i området vårt er å etablere ladepunkt for nye elektriske ferjer. Hittil er det bestilt ladepunkt til 13 samband. Auken av private elbilar er også døme på ei utvikling som stiller krav til forsterking av nettet. I mange bustadfelt er ikkje lågspentnettet dimensjonert for at kundane skal lade elbilar heime, og nettet må forsterkast. Frå 2018 til 2025 reknar vi med at maksimaleffekten i Mørenett sitt område aukar med 22 %, berre på grunn av elbil, elbuss, elferjer og landstraum. Vi tek ei aktiv rolle for å leggje til rette for ei enkel og billeg elektrifisering for kundane i regionen vår, seier Kiperberg.

Nedgang i kraftforbruket Mørenett har distribusjonsnett på søre og nordre Sunnmøre, og om lag 65 500 målepunkt i distribusjonsnettet. Det siste året har forbruket i distribusjonsnettet hatt ein nedgang på 9 GWh. I 2018 vart det levert 1 742 GWh til sluttbrukarar, mot 1 751 GWh året før.

Personale

Mørenett hadde 143 fast tilsette og 8 lærlingar i 2018.