Nyhende →
Trafikkuhell i Gursken - ingen personskade
Søndag kveld har det vore eit trafikkuhell ved Øvre Knotten i Gursken. Ein bil køyrde då i grøfta. Politiet opplyser til Vestlandsnytt at det ikkje er snakk om personskade. Føraren skal ha vore rusa og blir framstilt for prøvetaking. Det vert oppretta sak.