Til tross for nedgangen og utfordringane i dei maritime næringane, så har Westing lukkast med sin vekststrategi. Det skriv selskapet i ei pressemelding på fredag.

- Vi har gjort mykje rett sidan 2014 og 2015. Strategien og målet vårt er vidare vekst og investeringar, seier dagleg leiar i Westing, John Knutsen til Vestlandsnytt. Han held fram:

- Avtalen med Akzo Nobel opna for nye moglegheiter då Westing gjekk inn i rolla som nasjonal aktør med ansvar for både vedlikehald, reperasjonar og nybygg. Vår erfaring og kjennskap til marknaden gjennom snart 40 år, saman med vårt fokus på effektiv logistikk og nærheit til kundane er nøkkelfaktorar for at vi har lykkast.

Knutsen opplyser elles at Westing gradvis har tatt større marknadsandelar langs heile norske kysten, og er i dag representert frå Harstad i nord til Bergen i sør.

Tilsettingar og nysatsing i Tjørvåg

På grunn av den gode veksten dei siste åra, er Westing i ein prosess med å tilsette nye folk. Dei står mellom anna bak Herøy-selskapet Zewo Chemicals, som no jobbar med å utvide staben. Det same selskapet vil også flytte produksjon av sine eigenutvikla reinsemiddel frå Nederland til Noreg.

- Planen å starte produksjon i lokala vi disponerer ved anlegget på Smedvik i Tjørvåg. Det er likevel viktig å presisere at det på ingen måte snakk om noko kjemisk fabrikk. Råvarer vert kjøpt inn og på anlegget skal stoffa blandast saman til ferdige produkt, seier Knudsen.

Han forklarar vidare at dei ikkje har sett ein spesifikk dato for dette neste steget, men ymtar mot at selskapet gjerne vil få til noko innan 2020.

Miljøvenlege

Zewo Chemicals har fått støtte frå Innovasjon Norge til utviklinga av sine reingjeringsmiddel, og har no fått godkjent eit tjuetals forskjellege produkt for sal.

- I tillegg til at produkta er effektive, er dei og meir miljøvenlege, seier Knutsen. Målet om å flytte produksjonen til Tjørvåg er også i tråd med den miljøvenlege satsinga bedrifta no gjer, avsluttar han.

Nett.no var fyrst ute med nyheita om satsinga til Zewo Chemicals i Tjørvåg.