- Vi har ikkje vêrgudane med på vår side denne gongen, seier Charlotte Hauge, ansvarleg for prosjektet ved Runde Miljøsenter i ei pressemelding.

Arrangementet skulle skje i morgon på Runde der frivillige skulle få vere med å rydde Runde fritt for avfall.

Sikkerheit fyrst

Metrologisk institutt har gått ut med ei åtvaring mot sterke vindkast, og sidan det er sendt eit forvarsel, så meiner Hauge at det ikkje er trygt å gjennomføre aksjonen i morgon.

- Vi skal plukke ved havet, og det er ein risiko i seg sjølv, påpeikar Hauge, som ikkje vil at folk skal verte skada.

Oppmodar ryddarar til å fortsette arbeidet

Charlotte Hauge oppmodar alle som ville rydde laurdag om å ta seg ut ei strand eller ein stad dei sjølv ynskjer å plukke, melde den inn i ryddeportalen.no og rydde når vêret er betre.

- Alt hjelper! Ved å rydde stranda di, vert ikkje plasten teken vidare til neste stad, og vi får det vekk frå naturen, avsluttar Hauge.