Når Kvalsvik hevdar vi ikkje snakkar sant, må vi gje eit tilsvar på det.

I den samanheng er det viktig å få fram og presisere det spesielle ved handsaminga av budsjett 2019 og økonomiplan 20–22. Nettopp fordi ein denne gongen i ettertid og i diskusjonen ikkje kan sause saman budsjett 2019 og resten av økonomiplanperioden.

Frå saka: «Det vert i samråd med fylkesutvalet lagt opp til at budsjettet for 2019 og økonomiplan 2019–2022 vert behandla første gang i fylkestinget i desember. Vidare legg ein opp til ein revidert behandling av økonomiplan for 2020–2022 på fylkestinget i april 2019».

Ref det siste som omtalar prosess rundt økonomiplan, så er det jo det dette handlar om. Ikkje budsjett 2019 som vi vedtok, med ulike tilleggsforslag også frå oss. Vi, og eit stort fleirtal på fylkestinget, ønskte ikkje ei rekkje med oversendingsforslag som innspel til fylkesrådmann sitt vidare arbeid fram mot april-tinget, og det blei også forklart kvifor frå talarstolen. Vi presiserte også at vi ikkje ville fremje eigne forslag som skulle følgje saka fram til apriltinget, men at føringar for fylkesrådmannen sitt arbeid var lagt i politiske vedtak i strategi- og rammesaka.

Så tek Kvalsvik opp att Nerlandsøybrua, men det var også eit oversendingsframlegg der denne er ein del av ei lang oppramsing for både drift og investering. Ja, vi stemte i mot alle oversendingsframlegg, og har forklart kvifor. Formuleringa rundt Nerlandsøybrua er dessutan å slå inn opne dører, då dette er ei felles oppfatning av realitetane i saka. Derfor handlar det no om å få gjort endelege avklaringar og halde tidsplan for gjennomføring. Så skal vi nok i fellesskap halde trykket oppe for at det vert framdrift i saka. Elles vert investeringsprogrammet viktig med tanke på FV 18 Leine – Voldsund. Ikkje minst sidan forskotteringsprinsippet framleis gjeld og kommunestyret i Herøy har gjort eit klokt vedtak.

Johan Ottesen Charles Tøsse Gruppeleiar Høgre si fylkestingsgruppe.

Anders Riise Fylkesordførarkandidat Høgre.