Formålet er å forsikre at bilistar overheld sikkerheitsregelen om einvegskøyring.

– Tilstanden på brua er ikkje endra, og der har heile tida vore einvegskøyring, men der har vore litt praktiske utfordringar på korleis vi skulle løyse dette, seier Stig Svenøy i Statens vegvesen.

I tillegg til lysregulering, har det ved fleire høve verte sett opp kjegler på toppen av brua for å forhindre bilar frå å køyre ut på sidene på toppen av brua. Tiltaket har elles ikkje vore tilstrekkeleg, då kjegler har blåse vekk eller bilar har køyrt på dei.

Den nye innsnevringa på toppen av brua gjer det fysisk umogleg for to bilar å køyre der samtidig. Med andre ord, må ein frå no av rygge heile vegen ned igjen dersom ein, på veg opp, møter ein bil i motgåande retning på Nerlandsøybrua.