Tilbakeviser spekulasjonar om bilkapasiteten

Havila Kystruten tilbakeviser spekulasjonar om at dei nye kystruteskipa ikkje får plass til personbilar. Sist veke kom spørsmålet opp i Stortinget sin spørjetime.
New Articles

Det har vore spekulasjonar i media om skipa som skal segle Bergen-Kirkenes i framtida ikkje kjem til å ha kapasitet til å ta med bilar. Nyleg fekk også samferdselsminister Jon Georg Dahle spørsmål om dette i Stortinget.

I ei pressemelding går derfor Havila Kystruten no ut og presiserer at dei har plass til å ta med bilar.

Administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll, fortel dei har god plass både til batteripakkane og frakt av bilar og gods. Kystrutene er 123 meter lange og 22 meter breie, og får plass til å ta med ni bilar og 190 pallar på kystruta mellom Bergen og Kirkenes. 40 av pallane kan også fraktast med kjøling eller frysing.

I tillegg til mannskap på 76 personar får Havila sine kystruter 468 sengeplassar for passasjerar og i tillegg til plass til 172 dagreisande.