Den tilsynelatande uskuldige saka om leige av ein avfallscontainer enda med eit oppgjer i retten.

Ei bedrift heimehøyrande i Ulsteinvik tinga i fjor sommar ein container som vart levert til staden. Då containeren var fylt, henta herøyselskapet JKB Transport AS containeren og leverte avfallet, som vanleg er i slike saker. Sluttsummen kom på 6.530 kroner.

Fakturaen vart ikkje betalt. Etter gjentekne purringar tok JKB Transport saka inn for forliksrådet i Hareid og Ulstein.

Forliksrådet

Der kom saka opp, med krav om betaling, pluss tillegg for forseinkingsrenter, sakskostnader og klagegebyr. Summen var no komen opp i 11.720 kroner.

Møtet i forliksrådet vart halde 5. desember 2018. Begge partane møtte, og forklarte seg.  Partane kom ikkje til semje. Forliksrådet dømde deretter Ulstein-selskapet til å betale 11.720 kroner.

I romjula tok saka ei ny vending. Då tok Ulstein-selskapet ut stemning mot Herøy-selskapet.

Etter nokre rundar med merknader til saka frå begge partar, var det duka for rettssak i Sunnmøre tingrett.

Peika på privatperson

Ulstein-selskapet hevda innleiingsvis at det var feil at dei hadde bestilt container, men at det var ein privatperson tilknytt firmaet som stod bak. Retten kom fram til at det ikkje var nokon tvil om at vedkomande som tinga containeren, gjorde det på oppdrag for sin arbeidsgjevar. Det vart dessutan avtalt at fakturaen skulle sendast til selskapet.

JBK Transport, som nytta prosessfullmektig i rettssaka, avviste nok ein gong at dei hadde gjort noko feil med tanke på gjennomføring og fakturering. Selskapet slo fast at det ikkje var avtalt ein pris på førehand, og at det då er vanleg å fakturere med «vanleg pris». Dei la elles til at prisen ligg under nivået konkurrerande firma ligg på.

Full siger til utleigaren

Retten syner til vurderingane frå domen i forliksrådet, og slår fast at JKB Transport AS har vunne saka. For retten sin del er det ingen tvil i saka.

Ulstein-selskapet betale 6.530 kroner til JKB Transport, pluss 5.085 kroner ti behandling i forliksrådet. Dessutan må selskapet betale 2.500 kroner for JKB Transport sine sakskostnader i retten.

Dermed enda saka med at Ulstein-selskapet må betale 14.115 kroner.