Redningsselskapet gjorde eit forsøk, men såg seg nøydt til å tilkalle hjelp frå eit redningshelikopter frå Florø, skriv HRS Sør-Norge.

Ifylgje Sunnmørsposten havarerte kajakkpadlarane i bølgene, og fekk øydelagt den eine kajakken.

– Dei to klarte å ta seg opp ein sprekk i fjøresteinane og satt på eit svaberg, men greide ikkje å kome seg derifrå, fortel vakthavande redningsleiar Nils Ole Sunde til Sunnmørsposten.