Dei nye kontraktane er gitt til Rem Mira, Rem Cetus og Rem Isula, samt båtane som snart vil få namnet Rem Trader (tidl. Brage Trader) og Rem Inspector (tidl. Forland Inspector), melder REM onsdag. Kontraktsverdien er på over 200 millioner NOK.

Til Vestlandsnytt seier adm. direktør Fredrik Remøy at fire av dei fem kontraktane er innanfor PSV-segmentet, medan den siste er innanfor fornybar vind.

– Dette betyr at vi er "booka" for 2019, samt at nokre av kontraktane også går litt ut i 2020. Det er litt ujamne kontraktslengder, men dei ligg på rundt eit år, seier Remøy.

Han er også godt fornøgd med kontraktsbeløpet, og er glad for å seie at Rem no har ein god og framtidsretta tonnasje.

– Kan sjå framover

Fredrik Remøy meiner dei nye kontraktane viser at Rem er i god utvikling.

– No kan vi fokusere på vidare vekst, og sjå framover. Det er framleis ein krevjande marknad, men eg er ganske sikker på at vi har det som skal til for å utvikle oss vidare, seier Remøy.

Han trur dei nye kontraktane gir dei ein fordel.

– Vi har marginar på desse kontraktane som gjer oss meir i stand til å betene normal rente og avdrag.

Rem har no ni båtar i flåten sin. I tillegg har dei ein på leigekontrakt.