Kommunale innkjøp nok ein gong

Nokre kommentarar til saksframlegg frå rådmann, innkjøpskonsulent og kommunalsjef stab.
New Articles

I fjor haust tok vi saman med ti lokale verksender initiativ til å prøve å få til ein dialog med Herøy kommune med tanke på korleis ein i samarbeid kunne utnytte «Nytt anskaffelsesregelverk av 14.12.2017».  Vi har presisert for Herøy Kommune (HK) at det er kommunale innkjøp generelt vi ynskjer å sjå på og skulebøker og læremateriell berre er ein liten flik av det store bildet.

Temaet «offentlege innkjøp» har vore drøfta fleire gonger både i Vestlandsnytt og i nasjonale medium. Statssekretær Magnus Thue skriv mellom anna i Nationen 18.2.2019 at:  «Når det gjelder større kontrakter og bunting, mener jeg det er viktig at offentlige innkjøpere er klar over at de ikke bare kjøper inn fra et marked, men også er med på å skape et marked der ute. Dagens regelverk legger til rette for at man kan dele opp anbud, dersom det er hensiktsmessig. Men det er nok noe offentlige innkjøpere kan bli flinkere på, sier statssekretæren.»

Saksframlegget frå Herøy kommune ved rådmannen, innkjøpskonsulent og kommunalsjef stab dreier seg likevel i stor grad om skulebøker og eit firma som var heilt nytt for oss «Kozmos bokhandel, Fosnavåg». Vi går ut ifrå at det ikkje er mangel på opplysning eller hjelpemiddel som gjer at HK ikkje nyttar firmanamnet vårt. Om dette er ein del av ein hersketeknikk eller ei finurleg form for mobbing er ikkje godt å seie, men det gir vel kanskje ein peikepinn i kva status vi «nyt» i visse kommunale krinkelkrokar. Til orientering har vi no drive under same firmanamn i Fosnavåg sidan 1973, og frå november 1997 berre eit steinkast unna Herøy Rådhus.

Vi hadde nok håpa at administrasjonen i HK hadde teke lokale firma så pass på alvor at dei heiv seg rundt og kalla inn til eit orienteringsmøte for å skape betre relasjonar, belyse og drøfte felles problemstillingar vedr. kommunale innkjøp. I staden sit vi etter tre månader på vent med ei ullen formulering: «Administrasjonen meiner det er føremålstenleg og positivt både for Herøy kommune og lokalt næringsliv, om kommunen legg til rette for og gjennomfører tiltak som t.d. leverandørdialog og gode informative nettsider om innkjøpsordninga i Herøy komme».  Ut av dette greier vi diverre ikkje å lese anna enn at kommuneadministrasjonen ikkje ser på seg sjølv som ein samarbeidspartnar for lokalt næringsliv. I motsett fall hadde vi nok vore samla til dialog allereie.

Avslutningsvis ser det for oss ut som om innkjøpsarbeidet til administrasjonen i HK er meir prega av ein frykt- og problemkultur enn for å prøve å utnytte det handlingsrommet som det offentlege innkjøpsregelverket utan tvil gir.

Å utnytte dette handlingsrommet vil etter vår meining vere å ta eit viktig samfunnsansvar og vere med på å styrke lokalt pressa næringsliv! Bonus ved å utnytte det vil t.d. vere: fleire lokale arbeidsplassar, auka bulyst, levande og spennande sentrum med lokale aktivitetar, attraktive møteplassar med liv og røre, stønad til lokale lag og organisasjonar, sikre lokal kompetanse, auka lokale investeringar etc.

Til slutt spørst det vel då berre om administrasjonen i HK skal få halde fram i sitt eige spor medan sentrum av Fosnavåg blir rigga med meir og meir gråpapir?   Eller kanskje synest politikarar det er på tide å sette foten ned og vise styringsvilje; no fram mot valet. 


GODT VAL, FOLKENS!

Vestvang Bokhandel AS

John Magne Johannessen