Kundar som skulle innom Circle K-bensinstasjonen i Fosnavåg vart måndag møtte med låst dør og stengde drivstoffpumper.

Årsaka er at selskapet som driv butikken, Gv Bensin AS, har slått seg sjølv konkurs.

- Eg melde oppbod i bedrifta i dag tidleg, seier dagleg leiar Rikke Måløy Remøy i Gv Bensin AS til Vestlandsnytt måndag.

Fallande inntektsutvikling

Ho opplyser at bedrifta, som har ansvaret for den delen av bensinstasjonen som ikkje gjeld drivstoff, ei tid har sett at inntektene har blitt reduserte.

- No var det ingen veg utanom å melde oppbod. Det er særskilt det siste året utviklinga har vore dalande, legg Remøy til.

Fire tilsette mister jobben

Ho opplyser at konkursen fører til at ho, samt tre andre tilsette, mister jobben.

- Men også pumpene er stengde?

- Ja, men signala frå Circle K fortel at dei skal opnast igjen relativt raskt. Det er nokre formalitetar som må på plass først. Det er Circle K som eig drivstoffet.

Drivaren opplyser at Gv Bensin AS har drive stasjonsbutikken på franchise-verksemd gjennom Circle K, men altså som eit frittståande selskap. Det er ein vanleg praksis på bensinstasjonar.

- Eg har heller ikkje fått oppnemnt ein bustyrar endå, så førebels kan eg ikkje seie så mykje meir, seier Rikke Måløy Remøy. Ho tok over drifta av butikken på bensinstasjonen i 2012.