Har laga vlog (film) og fiskarlandsby i Sri Lanka

Her føler vi oss heime

- Då har Helene lagt ut ein ny film frå reisa vår, frå Hikkaduwa i Sri Lanka - ein ekte fiskarlandsby som har mange likheitstrekk med heime.

To fiskarar i fiskarlandsbyen Hikkaduwa i Sri Lanka.  Foto: Helene Håheim Vike

New Articles

Det skriv Kristine Håheim Vike i ei lita oppdatering til Vestlandsnytt laurdag ettermiddag. Det har gått eit par veker sidan vi skreiv noko om dei sist, men på bloggen har det skjedd litt av kvart. Mellom anna har søstrene vore i India, og dei har publisert reiseskildringar og bilde frå mellom anna Taj Mahal og Agra.

No har dei, som nemnd, også lagt ut ein stemningsfilm frå fiskarlandsbyen Hikkaduwa i Sri Lanka (sjå filmen under). Stikkord for plassen er båtliv, fiske fiskemarknad, "sladder og tyt" på stranda og eit spesielt  godt samhald.

- Vi kjenner oss rett og slett som heime, skriv jentene.


Du kan lese heile bloggen her.