Ei stund låg det an til at Ivar Morten Normark vert åleine som kandidat til styreleiarvervet for fotball-flaggskipet på Søre Sunnmøre.

Fredag kveld kom beskjeden mange i Hødd-miljøet har etterlyst; ein motkandidat, - og attpåtil i form av tidlegare fotballeiar Bård Dalen.

- Etter fleire oppmodingar stiller eg meg no til disposisjon som kandidat til å vere styreleiar i Hødd Fotball på komande årsmøte.

Vil vere samlande

Dalen opplyser i ei pressemelding at han ved eit eventuelt val kan vere ein samlande Hødd-leiar. Saman med dei andre i styret og organisasjonen ønskjer larsnesingen  "å legge stor kraft i arbeidet til beste for Hødd Fotball i tida som kjem!" (sitat Dalen).

- Det har vore ei krevjande tid for Hødd med mykje uro, og det har i ulike samanhengar kome fram ønskje om eit alternativ til dagens styreleiar, seier Dalen, og held fram:

- Det trengs ein stor jobb for å betre Hødd sitt omdømme, arbeide fram ein stabil og god økonomi - og utvikle fotballen. Hødd bør ha klare strategiar som ein stor breddeklubb, satse meir på jente/damefotballen og starte eit systematisk arbeid for å kome tilbake til toppfotballen. Dette må skje på ein måte der klubben sine verdiar og omdømme står sentralt!

- Det trengst endringar

Dalen, til dagleg helse- og omsorgssjef i Sande kommune, legg til at det trengst endringar i klubben.

- I ei tid då ressursane er mindre vil eg vere med på ein dugnadsjobb saman med styre, administrasjon og alle dei flinke frivillige som er i Hødd for å snu utviklinga, gjennomføre dei nødvendige endringane - og samle klubben i jubileumsåret.

Avsluttingsvis seier seg samd med dei som meiner det er "nok uro no". Han meiner målet må vere at Hødd Fotball etter årsmøtet komande veke står fram som ein samla klubb med god styringsfart og optimisme.

Uro, uro og uro

Alle fotballinteresserte kjenner til at det er det utanomsportslege som har prega overskriftene når det gjeld Hødd Fotball dei seinare månadane. Sportsleg leiar, dagleg leiar og trenaren til seniorlaget for menn har alle trekt seg. Styreleiar Ivar Morten Normark har også hamna i fokus, ikkje minst etter verbale angrep mot tidlegare dagleg leiar.