Mjølkedrikkande Moltu-familie vann 10.000 kroner

Skyll, brett og stapp av mjølkekartongar gav vinnarlykke for Grigorij Pavtel og familien.
New Articles

- Eg trur eg må bruke vinnarpengane på å kjøpe ei ku, for ungane mine drikk så mykje mjølk, seier Grigorij Pavtel og ler høgt.

Han har akkurat fått vite at dei to-tre mjølkekartongane som dagleg går ned på høgkant i familien, har gitt han ein gevinst på 10.000 kroner. Grigorij gir mykje av æra til kona, som er den som har skrive namnet hans og telefonnummeret på kartongkubben.

- Eg og ungane mine på 4 og 6 år er dei som drikk mjølk i heimen, medan ho er organisatoren som sørgjer for at alle kartongane våre blir skylde, bretta og stappa, fortel han.

Stor vinnarsjanse

Grigorij kom til Noreg frå Litauen for 12 år sidan. Til dagleg jobbar han i eit byggefirma. Han trur det var slik han fekk vite om lotteriet. Då han var heime hos folk og jobba, såg han mjølkekartongane som stod til tørk på kjøkenbenken.

Men dei siste åra har det vore ein nedgang i kor mange som deltek i Returkartonglotteriet, fortel Andrea Øien Sæverud som er kommunikasjonsansvarleg i SSR.

- Når vi skal leite etter kubbar i papirhaugen vår, må vi ofte leite lenge for å finne ein kubbe med namn og telefonnummer, fortel ho.

Vinnarsjansane er altså ganske stor, om ein gjer ein liten innsats for å forvandle kartongane om til eit lodd.

Kvar år blir det trekt ut 124 vinnarar over heile landet som deler ein pott på 1,6 millionar kroner. Å levere ein kartongkubbe med seks kartongar stappa inn i ein sjuande, kan i beste fall gi ein gevinst på 100.000 kroner. Ein tilleggsgevinst til alle som deltek, er at det blir betre plass i papirdunken.

Miljøet trekk lengste strået

Å gjenvinne brukte kartongar, krev langt mindre energi enn å produsere papir frå nytt trevirke. Miljøet står derfor igjen som den verkelege vinnaren når folk leverer kartongane til resirkulering.

- Drikkekartongar er laga av såkalla jomfruelege fiber, som vil seie at det er første gongen materialet er i bruk. Når desse blir resirkulerte, har fibra i ein innlevert drikkekartong i alle fall sju nye liv framføre seg, til dømes som pizzaøskjer, fortel Sæverud.

Fire gongar i året blir det trekt nye vinnarar i Returkartonglotteriet. Er du gira på å delta? Sjå oppskrifta under:

Dette er Returkartonglotteriet:

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet, både privatpersonar, bedrifter, organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande.
  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar på 10.000 kroner og fire premiar på 100.000 kroner.
  • Enkeltkartongar kan vere med i trekkinga om 10.000 kroner.
  • Alle typar drikkekartong kan delta, ikkje berre mjølkekartongar.
  • For å vinne 100.000 kroner må eit lodd bestå av minst seks tomme og skylte drikkekartongar som blir bretta ned i den sjuande drikkekartongen. Dette utgjer ein kubbe. For skulemjølkkartongar gjeld fire tomme kartongar i den femte.
  • Deltakaren skriv namn og telefonnummer på den dei vil skal vinne på kartongen, og legg denne i den papirdunken. Ein kubbe utgjer eitt lodd.
  • Kartongane blir trekte frå 84 ulike stader i landet. SSR trekker ut to kubbar frå papirhaugen, og sender desse vidare til den nasjonale trekkinga.
  • Fleire opplysningar og lotterireglar finn du på Grønt Punkt, som står bak lotteriet.