Bil av vegen mellom Garneskrysset og Haddal

Ein bil køyrde inn i autovernet på FV653, mellom Garneskrysset og Haddal, tidleg fredag ettermiddag. Det melder politiet på Twitter. Det skal ha vore ein vaksen og eitt barn i bilen då ulukka skjedde. Det vert opplyst om minimale skader på køyretøyet og begge dei involverte framstår som uskadde. Politiet hjelpte med trafikkdirigering rett etter ulukka, men vegen er no open for fri ferdsel.

Illustrasjon   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

New Articles