Det er etter kvart ein del fylkespolitikarar som har vore og sett på strekninga. Det er lang tid sidan eg hadde med leiaren i samferdselutvalet, Kristin Sørheim, dit og drøfta ulike løysingar. Tidleg i haust føreslo eg å øyremerke 10 mill. til strekninga inn mot kommunen sitt budsjett. Dette for å kunne ha med nye innspel i samband med budsjettarbeidet på fylket. Høgre stemde det ned i kommunestyret, og dermed glapp den moglegheita.  Det er ikkje sikkert eg hadde fått til noko som helst, men skal ein lukkast så må ein prøve.

Så i budsjettet til Herøy kommune kjem samtlege med 10 mill. til strekninga. Gledeleg, men Høgre og fleirtalet må kome på det sjølve, og då blir det slik.  Vi støtta sjølvsagt forslaget, og no er der 10 mill. avsett på det kommunale budsjettet.

Like etter, handsamar fylket sitt budsjett, men det er umogleg å få nye ting inn i budsjettet så seint i prosessen. Eg lagar eit oversendingsforslag, og allierer meg med fleire parti. Arbeiderpartiet er på bakbeina i høve Nordøyvegen, og kanskje  Høgre og?

Forslaget lydde slik: «FV 18 Leine - Voldsund. Møre og Romsdal fylkeskommune vil gå i dialog med Herøy kommune og sjå på om delar av den verste strekninga kan utbetrast, i samband med økonomiplanarbeidet i 2019 og arbeidet med investeringsprogrammet 2019-2028».

Forslaget mitt fekk berre 13 røyster og fall. Trist. Tru det eller ei, men alle i både Høgre og Arbeiderpartiet stemte imot. Det skjer om lag aldri i fylkestinget at oversendingsforslag vert stemde ned. Difor var skuffelsen ekstra stor.

Økonomiplanen skal opp i april, og dette innspelet måtte fylkesrådmannen ha vurdert og skrive om i samband med økonomiplanen viss det hadde fått fleirtal, også seinare i samband med handsaming av investeringsplanen. Det er dette som er problemet lokalt og på fylket. Høgre må kome på det sjølv, slik eg ser det. Dei lokale politikarane i Herøy fortel at oversendingsframlegg ikkje er vegen å gå. Mein gjerne det, men ein får då saka på kartet og saka får fokus. Mange saker har starta slik.

Forskoteringsordninga eksister ikkje i dag, og korleis ordninga blir i framtida veit vi ikkje. 50/50-midlar er så beskjedne at det neppe er ein farbar veg. Så det er ein særs usikker taktikk Rise og Tøsse  skisserer i siste avis. Personleg trur eg kommunen må inn med meir midlar, skal vi lukkast. No vert det spennande å følgje med på kva Rise og Tøsse kjem med. Hittil har dei berre stemt ned dei forsøka som har vore. Eg skal i alle høve støtte det om dei kjem med noko, men eg er redd det er tomt preik.

Mvh Bjarne Kvalsvik

Uavhengig valliste for Sunnmøre.