– Dette er eit stolt øyeblikk for Nexans og ein viktig milepæl for organisasjonen. Med denne moderniseringa vil vi styrke vår evne til å levere grøn kraft i framtida, seier Vincent Dessale, Senior Executive VP Subsea and Land Systems Business Group i Nexans i ei pressemelding.

– C/S Aurora vil spele ei nøkkelrolle i installasjonen av våre banebrytande undersjøiske kablar som er med på å tilrettelegge for meir energi til verda, koble offshorevindparkar til rutenettet, støtte elektrifisering av offshore-petroleumsinstallasjonar og skape samankoblingar mellom land, seier Vincent Dessale vidare.

I pressemeldinga kan vi også lese at skroget vert bygd ved Crist, Polen, medan engineering, utrusting og systemintegrasjonen, førebuing for montering av kabelleggingsutstyret, testing, prøveturar og ferdigstilling vil bli gjort ved Ulstein Verft. Skipet er av typen ST-297 CLV, designa av Skipsteknisk.

Kontrakt inngått i 2018

Skipsbyggingskontrakten på Nexans sitt nye flaggskip vart annonsert i juli 2018, og konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group uttalte då:

– Vi har ein svært kompetent organisasjon med lang erfaring i å levere avanserte skip til våre kundar. Vi ser fram til eit konstruktivt og fruktbart samarbeid med Nexans i åra som kjem.

Fartøyet vil bli utstyrt for å legge straumkablar, kabelskøyting og -reparasjonar og nedgraving av kablar. I følgje reiarlaget skal skipet spele ei viktig rolle i å installere Nexans sine undersjøiske kablar som skal gi meir energi til folket, bidra til å kople havvindfarmar til straumnettet, støtte elektrifisering av offshore oljeinstallasjonar, og bygge utjamningsleidningar mellom land.