Slepet har siste dagane gått i retning mot Larsnes frå verftet sitt faste skrogverft i Gdansk i Polen.

Reiarlaget høyrer heime på Lerwick, Shetland, og har namnet Zephyr Fishing Company Ltd. Zephyr er dermed neste nybygg frå Larsnes når utrustinga av fleirbruksfiskebåten Nordhavet no er overstått.

Den 75,4 meter lange og 15 meter breie pelagiske trålaren Zephyr er designa av Skipsteknisk As i Ålesund.

Skipet vart i samband med kontraktssigneringa i Lerwick i august 2017 omtala som ein topp moderne pelagisk trålar, der siste teknologi er nytta både på design og utstyret om bord. Leverandørane er stort sett dei same som tidlegare.

Framdriftsmaskineriet skal etter planen gje skipet ei fart på rundt 17 knop, og er av anerkjend og vel utprøvd fabrikat.

Kjølesystem for fisk og tilhørende pumpesystem er innrettet for rask og effektiv avkjøling og smidig handtering av fisk, som skal sikre premium kvalitet og effektiv handtering med minimal skade på produktet.

Zephyr skal leverast frå Larsnes Mek. kloss inntil sommarferien i år.