– I Ytre Herøy er der eitt idrettslag, og alle ser kven som er med der. Det same gjeld kulturskulen. Men korpsa, dei sit gjerne for seg sjølve i kvar si bygd, og så føler dei seg veldig få. Ideen bak Herøytreffet er å synleggjere at vi eigentleg er ganske mange som spelar i korps.

Det seier Ramona Brandlistuen Remøy i hovudkomiteen for Herøytreffet 2019.

– Og så vi inspirere til korpsglede, både for å få inn nye musikantar og for at dei vi har skal halde fram.

Tradisjon i år

Herøyteffet gjekk av stabelen på Herøy kulturhus laurdag føremiddag, og heldt fram heilt til storkonserten på Fosnavåg konserthus søndag ettermiddag. På den tida har om lag 200 korpsentusiastar frå åtte ulike korps storkost seg i lag, med musikk, læring og ei rekkje andre aktivitetar, som bading på badeland, pizza i storsalen, aksosial hygge på Fritidsklubben, kino og idrett/leik i idrettshallen. Klokka 23:30 gjekk rosignale på skulane, der dei fleste overnatta, godt passa på av dei nokre av dei hardtarbeidande foreldrevaktene.

Gjort på dugnad

Herøytreffet har kosta 114.000 kroner å arrangere, pengar som i all hovudsak er sponsa av lokalt næringsliv. I tillegg betalar deltakarane ein liten avgift kvar.

– Ingen av arrangørkorpsa tener noko på arrangementet. Det vi fekk av overskot det første året vart brukt til å gjere Herøytreffet endå betre året etter, forklarer Brandlistuen Remøy.

Herøytreffet er arrangert av foreldregruppene i Bergsøy skulekorps, Kvalsvik-Nerlandsøy Musikkorps og tidlegare Einedalen skulekorps.

Med unntak av jobben til dei tre innleigde musikalske leiarane, Erlend Brattlie, Johannes Ulveraker og Clive Swanswinski, har all arbeidsinnsats vore dugnadsbasert.

– Vi har hatt 25 instruktørar. Av dei, kjem om lag halvparten frå Herøy Brass og halvparten frå Herøy Janitsjar. Dei har vi vore heilt avhengige av. Då får også barna sjå at dei vaksne spelar og at korps er noko ein kan halde på med heile livet, seier Brandlistuen Remøy.