Gjestane heldt følgje på stillinga 4-2 til heimelaget fram til ti minutt var spelt. Men på det neste kvarteret scora bortelaget berre to mål mot Bergsøy sine åtte. Dermed lyste tavla 12-4 etter 25 minutt. Det vitnar om ein bra forsvarsprestasjon av både keeper Oddvar Johan Roseth og lagkameratane framfor han. Bergsøy kunne scora meir før pause, men mangel på konsentrasjon i avslutningane hindra det. Laga gikk til pause med 15-7.

Avgjorde i sterk periode

Dei fyrste ti minutta etter pause rulla Bergsøy over Viking TIF så det plutseleg stod 24-9! I tillegg til storscorarane Grieze og Markus Buchardt, bidrog kantspelar Jonas Gudmundsen Lund med fem mål etter pause. Resten av kampen var ei transportetappe, og sluttresultatet blei 37-27.

- Før pause stengde vi heilt. Alt vi avgjorde tidleg, fekk sine konsekvensar utover i 2.omgang, då vi sleit med å psyke oss opp igjen. Det er vel grunnen til at vi slepp inn 20 mål etter pause. Eg er ikkje nøgd med det, seier keeper Roseth.

Trenar Buchardt var nøgd etter kampen.

- Det er deilig med to poeng. Vi svinga i prestasjonane, og i pausen snakka vi om å klinke til bakover og sette fart. Då avgjorde vi kampen raskt. Så blei det vanskeleg å halde konsentrasjonen oppe då vi leiar med 15 mål tidleg i 2.omgang, seier Buchardt.

Tøff helg i Bergen

Både Buchardt og keeper Roseth ser no framover mot spanande kampar i Bergen neste helg. Då skal laget møte både Sotra og Bjørnar, som ligg som nr.4 og nr.8 på tabellen.

- Bjørnar er i siget, og Sotra vert beintøff. Sotra er eit bra lag medan Bjørnar har kvikna til etter ein dårleg start. Vi går for fire poeng, seier Buchardt og får støtte av keeper Roseth.

- Spanande lag begge to. Slår vi Sotra så ser det bra ut. Vi vann med to heime mot dei. Vi skal stå på, avsluttar keeper Roseth.

Kampfakta: 37-27 (15-7)

Bergsøy sine målscorarar var: Evaldas Grieze (9), Markus Buchardt (8), Jonas Gudmundsen Lund (6), Emil Raknes (6), Runi Fossdal (4), Håkon Tømmerdal Forberg (3) og Bjørn-Inge Tråseth og Lars Erik Bøe med ei scoring kvar.

Gule kort til Grieze og Forberg.

Tilskodarar: cirka 350