Mærsk Maker vart levert frå Kleven 14. februar 2019. Dette er den sjette og siste av ein serie på seks ankerhandterarar til Maersk Supply Service A/S. Bygd for operasjon på store havdjup er den såkalla M-serien utstyrt med ei rekkje nyvinningar, noko som har gitt dei eit godt rykte i den globale marknaden.

Mærsk Maker vart døypt under ein seremoni på kaia ved Kleven Verft, med Rikke Eskjær som gudmor. Fartøyet vil forlate Kleven like over helga med kurs for Aberdeen, og spot-marknaden i Nordsjøen.

Uttale frå konsernsjefaneOlav Nakken, konsernsjef i Kleven Verft AS, er godt nøgd både med prosjektet og samarbeidet som vi har hatt med Maersk: - Det er stor stas at vi no leverer frå oss det sjette søsterskipet i Starfishserien. Prosjektet har vore viktig både for Kleven og for alle underleverandørar som har vore involvert. Maersk er ein kvalitet- og sikkerheitsbevisst kunde som vi har lært mykje av, særleg i samband med HMS og igangsetting av maskinerisystem, seier Nakken og held fram:

- No når Starfishflåten er komplett, tek vi eit farvel med Maersk for denne gang, og ønskjer dei velkomne tilbake!

- Heilt frå leveringstidspunktet har M-klasse-serien, nokon av dei nyaste fartøya som opererer i olje-service industrien, vist sine avanserte eigenskapar og store kapasitet. Fartøya leverer imponerande resultat innan ei rekke tenester, og vi har mottatt positiv tilbakemelding frå våre kundar over heile verda, seier konsernsjef Steen S. Karstensen, Maersk Supply Service.

Fakta om Mærsk MakerMærsk Maker er av typen Salt 200, og har eit ope dekksareal på meir enn 800m2, med 102m2 overbygd dekksareal i tillegg. Ho er også utstyrt med ankerhandteringsvinsj på 450 tonn. Denne er plassert i ei lukka garasje slik at mannskap og utstyr er verna for dei røffe omgjevnadane fartøyet tidvis opererer i. Mærsk Maker har isklasse, og er også klargjort for ROV-operasjonar og oljeoppsamling. Trekkrafta til fartøyet er målt til 260 tonn.