Larsnes/Gursken spela 1–1 i sin første treningskamp for sesongen mot Tornado Måløy. Sandssokningane tok leiinga halvvegs inn i første omgang ved Karl Gerhard Bringsvor, men gjestane utlikna like før slutt.

– Alt i alt eit greitt resultat. Vi hadde mykje ball, men omtrent likt i sjansar. Vi såg litt trekk av det vi vil få til i år, og dei unge som fekk prøve seg gav gode svar, seier LGFK-trenar Anders Helsem Hoff om det som blei herøyværingen sin første kamp som sjef for sandssokningane.

Laurdag er duka for ny kamp når LGFK får besøk av sjettedivisjonslaget Vanylven FK. Kampen spelast på Tjørvåg stadion då River Plate i Gursken framleis ikkje er heilt klar for ein ny sesong.