Den litauiske statsborgaren som har vore rekna som hovudmannen i overgrepet, har vore varetektsfengsla sidan han vart teken av politiet kort tid etter hendinga som skjedde 18. juli 2017.

No har Romsdal tingrett dømd mannen, som er tidleg i førtiåra, til fem års fengsel.

Opphaveleg vart tre menn, også dei to andre frå litauen, pågripne etter hendinga. Den eine vart dømd til 120 dagars fengsel for ei seksuell handling, medan den andre vart dømd til fengsel i fem år og ein månad. Tredjemann vart frikjend.

Hovudmannen anka domen i tingretten. I lagsmannsretten kom saka opp i januar 2018, og der vart det same resultat som i tingretten når det gjeld dei to andre. Men domen mot hovudmannen vart oppheva på grunn  av saksbehandlingsfeil. Konkret dreia det seg om ein tolkefeil i eit politiavhøyr av mannen.

Gjekk tur - vart forfølgd

Romsdal tingrett si vurdering går i hovudtrekk ut på det som dei to tidlegare rettssakene har konkludert med. Dei tre mennene drakk alkohol den dagen overgrepet skjedde. Dei såg dama frå utanfor butikken der dei hadde handla, og fulgde etter ho då ho skulle gå på ein liten fjelltur. I det som vert omtala som skogsterreng vart kvinna omringa av dei tre, og deretter skjedde overgrepet. Undervegs i handlinga sprang to av mennene frå staden.

Utfrå prova som ligg føre, mellom anna legejournalar, vitneforklaringar og telefonloggar, har tingretten kome fram til at overgrepet utan tvil fann stad slik den fornærma har forklart. I staden vert den tiltalte si forklaring av retten omtala som "oppkonstruert og lite truverdig". Samstundes svekkjer det hans truverd at han laug då han første gong vart avhøyrd av politiet om saka.

Retten er heller ikkje i tvil om at det heile skjedde ved hjelp av vald og trugande åtferd.

Mannen vert no straffa for grov valdtekt. I skjerpande retning er det synleggjort at handlinga er gjort på særleg skremmande og krenkande vis.

Til frådrag for straffa på fem år kjem 449 dagar i varetektsfengsel. I tillegg har retten, i ein samrøystes dom, kome fram til at mannen må betale ei oppreisningserstatning på 175.000 kroner.