Vestlandsnytt skriv i tysdagsavisa at utdanningsutvalet har gjort vedtak om at Herøy vidaregåande skal bli skulen for matfag på Søre Sunnmøre, og at matfag ved Ørsta vidaregåande truleg blir lagt ned. Samstundes ligg det også i korta att bygg og anlegg etter kvart skal samlast i Ørsta. Men…
- Dette kan fyrst bli gjeldande i 2020. Det vil seie at ein som vanleg kan søke bygg og anlegg til hausten, seier Ester Sørdal Klungre, fungerande rektor ved Herøy vidaregåande skule.
Vedtaket som er gjort er førande for skulebruksplanarbeidet for skuleåra 2020-2023. Korleis dette arbeidet vil føre fram, er endå uklart.