I underkant av 40 ungdom tok del i UKM-lokalmønstringa laurdag på Fosnavåg konserthus. Alle såg ut til å kose seg, både publikum og deltakarar på og bak scena. Då førestillinga var over tok vi ein prat med to av deltakarane.

Inda Saidi (12) vil bli profesjonell kunstnar

Den fyrste vi snakka med var ein ung kunstnarspire, Inda Saidi. Ho er 12-år og driv med teikning og måling. Under mønstringa viste ho fram to individuelle kunstverk, og også var bidragsytar til eit større felles-bidrag frå Herøy Kulturhus.

- Det har vore veldig kjekt å vere her og bli kjent med folk. Eg kan sjå føre meg at eg kanskje prøver igjen ein gong, sa ho ti Vestlandsnytt då vi trefte ho ved sida av utstillarveggen i foajeen.

Ho kunne då vise oss det ho hadde teikna og måla. Det fyrste var ei portrett-teikning av ei dame.

- Det er teikning eg gjer mest. Portrettet er tatt litt ut av fantasien min. Eg har læra meg å teikne heilt på eiga hand.

- Når eg målar, går eg ofte for naturmotiv, sa ho, og viste fram det andre kunstverk, eit oljemåleri av eit tre.

Saidi fortalte oss også om sine ambisjonar.

- Eg har lyst til å bli ein profesjonell kunstnar. Dette er noko eg likar å halde på med.

Alexander Nikoalev (11) øvde i fleire månadar

Den andre vi prata med, var 11-åringen Alexander Nikoalev. Den unge fiolinisten deltok i to innslag under førestillinga. Fyrst spelte han eit solonummer på fiolin, melodien Alves Dance, der far hans Nasko Nikoalev akkompagnerte han på piano. I det andre nummeret spelte Alexander saman med kompisen Andreas Schjeldrup (14). Dei framførte den kjente Kansas-låten «Dust in the wind».

Då vi møtte den talentfulle unge mannen, kunne han opplyse om at han hadde klart å sette nervane i sjakk matt før han gjekk på scena.

- Ja, eg følte meg veldig trygg på det eg gjorde. Eg har øvt heilt sidan november på det eine nummeret, så eg viste eg kunne det, sa Nikoalev.

Han er klar på at det er naudsynt for han å vere godt førebudd.

Elles hadde han ei fin oppleving på scena.

- Det er veldig kjekt å delta på UKM, fyrst og fremst får eg samarbeide med masse talentfulle folk, so får eg, ikkje minst, vise fram mitt eige talent.

Alexander fortalte til slutt at han kjem til å satse fult på musikken, primært på fiolin og gitar. Han forsikra oss også om at han blir å sjå på UKM-scena fleire gongar dei komande åra.