Flø er nytt lag denne sesongen. I tillegg skal lokale lag også møte Sæbø, som rykte ned, samt Vartdal, Ørsta 2 og Åmdal.
Det kjem fram av framlegget til avdelingsoppset som Sunnmøre Fotballkrets lanserte denne veka.
Frå før kjenner vi dei lokale laga Bergsøy 2, Gjerdsvika/LGFK 2, Tjørvåg og Vanylven i denne divisjonen, der det var eit bikkjeslagsmål om opprykket sist haust. Det heile enda som kjent med at Hasundgot rykte opp, i kamp mot Hødd 3, Bergsøy 2 og Vanylven.
Vi merkar oss elles at Hareid 2, som hadde vanskar med å stille lag i fleire kampar sist sesong, denne sesongen ikkje er påmeldt. Heller ikkje Hødd 3 stiller lag.
Det er lagt opp til dobbel serie, noko som inneber 16 kampar på kvart lag. Vinnarlaget skal ut i kvalik mot dei to andre gruppevinnarane i 6.-divisjon til hausten.
SFK varslar at det vert terminlistemøte tysdag 12. februar.