Rask behandling av Søre Sunnmøre tingrett:

Dømd for promillekøyring

Midt på dagen ein onsdag i desember vart ein ung mann frå Herøy stoppa i trafikkontroll.

Tngretten: Søre Sunnmøre tingrett med rask behandling av saka der det var eit tilfelle av promillekøyring i Herøy.  Foto: Endre Vorren

New Articles

Kontrollen vart halden i indre Herøy. Ei pusteprøve synte 0,53 milligram alkohol per liter luft, noko som strafferettsleg tilsvarar mellom 0,9 og 1,1 promille. Den sikta mannen tilstod raskt forholdet, og under to månader seinare har Søre Sunnmøre avsagt dom i saka.