17 born i Sande, ikkje 12

Oppdatert statistikk syner at det kom 17 born til verda i Sande i fjor.

Oppvekstsjefen: Øystein Johansen.  Foto: Endre Vorren

New Articles

I samband med offentleggjering av fødselstala i Sande i 2018 er det brukt ein ufullstendig statistikk.

Rett fødselstal i Sande i 2018 er 17 born, opplyser oppvekst- og kultursjef Øystein Johansen til Vestlandsnytt. I ein artikkel sist veke nytta vi tal frå oppvekst- og kulturutvalet som tydelegvis ikkje var heilt a jour.

Dei 17 borna fordeler seg slik: Gjerdsvika 3, Gursken 5, Larsnes 6, Sandsøy 2 og Kvamsøy 1.

Tala er mellom dei lågaste i Sande i moderne tid. Her er saka frå sist veke:


I fjor var der berre 12 nyfødde i Sande - No må kommunen ta grep

Nokre er meir utolmodige enn andre. Felles for den politiske leiinga i Sande er likevel ønsket om å ta grep for å snu ei dyster barnetalsutvikling.