Sterkt årsresultat for Sparebank1 Søre Sunnmøre

Sparebank1 Søre Sunnmøre leverte eit årsresultat på 112 millionar kroner før skatt, i følgje foreløpige rekneskapstal for 2018. Dette er ei positiv auke frå 2017.

Stig Brautaset: Administrerande direktør i Sparebank1 Søre Sunnmøre  Foto: Marius Beck Dahle

New Articles

Dette skriv banken i ei pressemelding måndag morgon.

- I ei periode der vi har investert i effektivisering og omstilling, og har hatt ekstraordinære kostnader knytt til dette, er det gledeleg å konstatere at vi har lagt bak oss eit godt år. Vi har klare målsetningar om å bli ein kostnadseffektiv bank med inntektsvekst og låge tap. Tala for 2018 viser at vi er på god veg, noko som kjem både eigenkapitalbeviseigarane og lokalsamfunnet til gode, seier administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset.

Sparebanken melder også om ein utlånsvekst på 8 prosent dei siste 12 månadane. Denne fordelar seg på 6,8 prosent på personmarknaden, og 14,6 prosent på bedriftsmarknaden. Tap på utlån er redusert i 2018 samanlikna med 2017.

Gode framtidsutsikter

Sparebank 1 Søre Sunnmøre forventar ein auke i aktivitetsnivået i 2019. Det er framleis god vekst i norsk økonomi og utsiktene i regionen er gode. Positive faktorar er lågt rentenivå, svak kronekurs, høgt investeringsnivå i offentleg sektor og auka investeringar i oljerelatert sektor, skriv banken.


Anerkjende økonomar besøkte Fosnavåg:

Spår renteauke, men han blir truleg moderat - eit godt teikn

Det blir truleg ingen eksplosiv renteauke i 2019, men renta skal opp. Dette er eit godt teikn for økonomien, konkluderte økonomane som vitja Fosnavåg shippingklubb sitt julebord måndag.