Men imponerte det gjorde også konferansierane Christina S. Beitveit og Viola Andersson, som både var morosame og ein smule alvorlege då dei sørga for å leie oss gjennom årets UKM i Sande på ein flott måte.

Samtidig skal ein ikkje gløyme å takke arrangørane som med sin innsats sørga for at programmet gjekk prikkfritt av stabelen. Årets arrangørar var Agathe Skare, Alvhild Våge, Elias Kleppe, Esther Olivia Skare, Ida Kristine Skrede Halle, Jenny Gjerde Sætre, Lena Solbakken, Mikael Rovde, Oda Smoge, Olav Beitveit, Peter Fjørtoft Sandanger og Ronnie Sætre.

Også nettredaksjonen beståande av Agathe Skare, Maia Kvalen, Victoria Myklebust, Cornelia Bringsvor og Amalie Voldnes var aktive og engasjerte i sin jobb.

Sande-ungdomen viste generelt talent, engasjement og glede under årets UKM-festival, som såg ut til å både underhalde og glede publikum på Breidablik laurdag kveld.