1. juli 2019 slår Moldskred Regnskapskontor AS og RG Regnskap AS saman til eitt selskap. Det går fram av ei felles pressemelding frå selskapa. Ved samanslåinga  flyttar RG Regnskap AS til Brendehaugen 13 der Moldskred Regnskapskontor AS i dag held til.

- Lokalitetane der gjev grunnlag for vidare vekst, heiter det.

Det nye selskapet får til saman ni tilsette, der fem av dei er autoriserte rekneskapsførarar.

- Moldskred Regnskapkontor AS og RG Regnskap AS slår seg saman for å skape eit større miljø, og slik stå betre rusta for framtida sine utfordringar i rekneskaps- og konsulentbransjen. Dette vil vere positivt både for kundar og tilsette. Gjennom samanslåinga blir drifta mindre sårbar, heiter det i pressemeldinga.

RG Regnskap AS, lokalisert i Sjøgata 41, har i dag 6 tilsette. Linda Bratli Vågen er dagleg leiar. Selskapet har ca. 170 kundar, og i 2018 hadde selskapet ei omsetning på 5,4 mill.

Moldskred Regnskapskontor AS har i dag 3 tilsette. Tine Skaar Berg er dagleg leiar. Selskapet har ca. 120 kundar, og i 2018 hadde selskapet ei omsetning på 3,3 mill.