Politiet stadfestar laurdag ettermiddag at kvinna omkom i den tragiske ulukka. Dei næraste pårørande er varsla.

Det var litt etter klokka 13.30 politiet varsla at naudetatane var på veg til staden der ulukka skjedde. Det skal vere eit tilbygg til ein driftsbygning som har rasa over kvinna. Nokre minuttar seinare var dei på plass, og fekk frigjort den forulukka.

Det vart gjort forsøk på livbergande redning. Dessverre stod ikkje livet til å redde. Klokka 14.20 vart det meldt frå politiet at kvinna vart erklært død på staden.

Ulukka skal ha skjedd på ein gard ved Djupvika mellom Leikong/Nykrem og Myrvåg, opplyser operasjonssentralen til Vestlandsnytt.

Det har kome mykje snø i distriktet siste dagane, men det er uklart om dette har noko med ulukka på garden å gjere.

Saka vil no bli etterforska av kriminalteknikarar frå politiet - for å få klarlagt årsaka til at taket fall saman.

Vestlandsnytt kjem tilbake med meir om saka.